Lat oss kle E 134 i rett drakt: Haugalandsvegen
Debattinnlegg
Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Vegane på Haugalandet heng etter. Aust for Haukeli, i Sogn, på Sørlandet og fleire stader i Nord-Noreg ser vi store vegløft – medan E 134 inn mot Stordalen i Etne framleis manglar gul stripe og har ein standard som høyrer til i ei anna tid. Det er på tide å samle krefter for å løfte E 134 mellom Haukeli og Haugalandet opp på nasjonalt nivå.
Når Rogfast står ferdig i 2033, blir Haugalandet tettare knytt til Stavanger, Sørlandet og vidare inn i det europeiske vegnettet. Reisetida over Boknafjorden blir nesten ein time kortare, og Statens vegvesen ventar 20–40 prosent trafikkvekst på dei viktigaste tilførselsvegane dei første åra. Presset på E 134 vest for Haukeli vil auke dramatisk. Det er mindre enn åtte år til opninga – vi kan ikkje sitje i grøftekanten og vente. Vegen må løftast no, og han må få eit namn som speglar kven han tener.
Ordførarane i Etne og Vindafjord har lenge kjempa for ny europaveg, det same har fleire av «våre» folk på Stortinget. Men nasjonalt er «Bakka–Solheim» eit ukjent namn, og det gjer det vanskeleg å mobilisere brei støtte. Difor føreslår eg at strekninga Stordalen–Haugesund/flyplassen/Husøy får arbeidsnamnet Haugalandsvegen. Med eitt ord blir det enklare å forklare kvifor investeringane her er viktige for nasjonal transport, og vi viser at vegen bind saman ein av Noregs mest eksportorienterte regionar. Bakka–Solheim skal framleis vere førsteprioritet – men under ein samla merkevare som gjer at alle delprosjekt får større tyngd.
At eit godt namn verkar, har andre vist oss. Hålogalandsvegen mobiliserte seks nordnorske kommunar og fekk gjennomslag. Sotrasambandet vest for Bergen er eit anna døme. Begge prosjekta kostar langt meir enn å byggje ny, trygg E 134 gjennom Etne og Vindafjord – men dei har hatt noko vi manglar: eit namn som gjev identitet, retning og politisk kraft.
E 134 er alt ei av landets viktigaste........
© Haugesunds Avis
