Det må ikkje bli slik at Aura 2 er eit miljøprosjekt ved at det har ført til vegstenging
Eg takkar for den fine synfaringa 19. august. Det vart då sagt at vi kunne komme med nye eller tillegg til dei uttalane som var gjeve, innan 14 dagar. Fleire innspel til utbygginga har komme om at folk flest må stengjast ute frå området. Dei vil stengje vegen rundt Torbuhalsen, stengje sidevegar og stengje vegane opp fram til 15. juni. Villreinnemda vil heller ikkje at folk flest skal komme til fjells når vegen er brøyta. Eg ber om at NVE i den nye konsesjonen ikkje legg inn slike endringar i den nye konsesjonen.
Tilkomst til fjells var den fordelen vanlige folk fikk ved kraftutbygginga, har nytta og bør ikkje fjernast. Eg trur dei fleste som held til ved Aursjøen og i Torbudalen synest kraftanlegget er bra greier.
Det må ikkje bli slik at Aura 2 er eit miljøprosjekt ved at det har ført til vegstenging. Grunngjevinga for slik stenging er at det vil få fleire reinar til å fare over Torbuhalsen og med det berge reinsstammen. Det er få som har i minnet at då det på 1960-talet for mykje rein over Torbuhalsen, var stammen 15-20 000 dyr. No er det berre 2 000 dyr etter kollaps og hard jakt. Det er ikkje så mange som fer der. På 1960- talet var dei ville rovdyra og -fuglane rydda ut. Det var berre dei med gevær som passa stammen. No er det annaleis. For at fleire reinar skal fare over Torbuhalsen må dei bli fleire. Reinen bør derfor fredast til dei blir dobbelt så mange som i dag.........
