menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Bør skulen på Gjøra leggast ned?

18 0
09.03.2026

Som kjent foreslår kommunedirektøren at skulen på Gjøra blir lagt ned frå hausten. Elevane skal sendast med buss til Løykja. Forslaget har – med god grunn – utløyst  eit ras av reaksjonar, ikkje minst frå foreldre frå fjellgardane. Saka skal opp i Oppvekst- og omsorgsutvalet den 11. og avgjerast i kommunestyret den 25. denne månaden. No er sakspapira tilgjengelege på kommunen sine heimesider. Der ligg det også ei omfattande grunngjeving av forslaget. Denne grunngjevinga har eg no saumfare kritisk. Mi vurdering er at momenta i saka, samla sett, gir best støtte til den motsette konklusjonen: Skulen på Gjøra bør ikkje leggast ned frå hausten.

I 2021 vedtok kommunestyret under tvil at skulen på Gjøra skulle halde fram. Men om elevtalet vart 14 eller lågare, skulle saka takast opp på nytt (sak 70/21, pkt 5). I dag ligg elevtalet på 19. Frå 2010 til no har talet vore rundt 20. Framskriving av elevtalet tyder på ein liten nedgang, men i 2029/2030 vil det framleis vera på 15 (Saksnummer 2/26, s. 3), om ein ser bort frå eventuell tilflytting.

Vedtaket byggjer på to større faglege utgreiingar. Den eine er grunnlagsdokumentet «Banehage- og skolebruksplan for Sunndal kommune» (KS-Konsulent 2018). Her blir det konkludert med forslag som gjeld kvar enkelt barnehage og skule i kommunen. Det andre dokumentet er tilleggsutgreiinga «Barnehage- og skolestruktur» (2021), som legg fram argument for og mot ulike løysingar – men utan å konkludere. Med nokre unntak har kommunestyret godkjent desse to dokumenta «som grunnlag for vedtak om framtidig barnehage- og skolestruktur» (sak 70/21, pkt 1). Begge dokumenta ligg på kommunen sine heimesider, saman med mange høringssvar frå den gongen.

Vedtaket frå 2021 følgjer rådet frå KS-konsulent: Med rundt 20 elevar er læringsmiljøet og fagmiljøet sårbart, og det talar for å vurdere nedlegging. Men da vil elevane frå fjellgardane få ein skuleveg som er «uforsvarlig lang». Dermed blir tilrådinga å oppretthalde skulen og halde fram samarbeidet med Løykje. Går elevtalet ytterlegare ned, bør skulen vurderast nedlagt (s. 49-50). Det er også gode grunnar til at vedtaket set grensa ved 14 elevar. Privatskulelova legg nemleg til grunn at ein skule kan drivast forsvarleg så lenge elevtalet er over 15 (jf. § 2-2).

Pedagogisk og fagleg vurdering

Men er det pedagogisk og fagleg forsvarleg å halde fram med ein skule som Gjøra, som berre har rundt 20 elevar? Dette er også spørsmålet som saksframlegga frå kommunedirektøren drøftar.

            At ein så liten skule av mange grunnar er «sårbar», er det ingen tvil om. Men det vil ikkje seie at nedlegging er den beste løysinga. Ut frå tilgjengeleg forsking er det liten eller ingen (årsaks)samanheng mellom kor stor ein skule er, og trivselen og læringsutbyttet for elevane. Det som betyr mest, er kvaliteten på skuleleiinga og på det pedagogiske arbeidet ved skulen, slik det også går fram av Barnehage- og skolebruksplanen (KS-Konsulent, t.d. s.11). Litt meir informasjon om slike forskingsfunn kan ein lett finne i ein app som ChatGPT. Så vidt eg veit, er det heller ingen som konkret har stilt spørsmål ved den pedagogiske kvaliteten ved skulen på Gjøra. Eit høringssvar frå Stina Fossan Svisdal  (2021) er døme på det motsette. Problemet for skulen er vel heller at dei økonomiske rammene blir for tronge.

Kommunedirektøren sine argument

Kommunedirektøren har etter mitt syn ikkje gode nok faglege og pedagogiske grunnar for å legge ned skulen på Gjøra frå hausten. Her er dei viktigaste argumenta hans, i tur og orden.

Utviklinga av elevtalet

Framskrivingane viser nedgang frå 17 barn neste år til 15, 12 og 5 om fem og seks år. I barnehagen vil det ikkje vera barn dei første åra etter 2027. Så blir det vist til at barnehage- og skolebruksplanen (2018) seier at ein bør sjå oppvekstsenteret under eitt. Det stemmer ikkje, så vidt eg har funne ut. Eventuell nedlegging av barnehagen blir ikkje brukt som argument for å legge ned skulen, og er heller ingen god grunn til å gjera det no.

Men kva er alternativet? Det er å følgje vedtaket frå 2021 og behalde skulen så lenge det er elevar frå fjellgardane eller elevtalet er over 14. Her kjem det no inn eit nytt og viktig moment: På Gjøra blir det som kjent arbeidd konkret med planar om å starte ein privat, kristen grunnskule i tilfelle nedlegging. Det kan vel tidlegast skje frå hausten – 28. Så lenge er også elevtalet høgt nok. Om kommunen meiner at det berre er eit spørsmål om tid  før nedlegging, bør nedlegginga i alle fall utsettast til spørsmålet om privatskule er avklart. Ein slik skule skal etter lova vera open for elevar frå heile landet. Med breiare inntak kan ein sikre elevgrunnlaget på lengre sikt.

Elevtal og kvalitet ved små skular

Direktøren nemner også den svake samanhengen mellom «skolestørrelse og kvalitet» (Saksnummer 2/26, s. 4). Når det gjeld skular med færre enn 100 elevar, blir den negative vurderinga så generell at kritikken også ville ha ramma ein skule som Løykja. Det er truleg den faglege forklaringa på at KS-Konsulent i si tid foreslo å legge ned skulen på Løykja – noko som heldigvis ikkje vart vedtatt.

Skyss, reisetid og reiseveg

Oppvekst- og omsorgsutvalet ba som kjent om nærare utgreiing av skyss, reisetid og reiseveg. Det som no er lagt fram (Saksnummer 6/26), ser ut for å innehalde alvorlege feil. Dette kjem foreldra til å informere nærare om. Problema blir systematisk undervurderte. Det er bra at kommunedirektøren legg vekt på tiltak for å redusere reisetid og risiko. Men desse problema løyser ein sjølvsagt best ved å behalde skulen på Gjøra inntil vidare.

I alle saker som gjeld barn, skal omsynet til «barnets beste» vega tungt. Dette er også eit viktig punkt når kommunedirektøren argumenterer for nedlegging. I det første saksframlegget peikar han på negative konsekvensar av det låge elevtalet (2/6, s. 7). Her finn vi to påstandar som det ikkje er dekning for: At kravet til kvalitet som ligg i lov- og rammeverk, ikkje kan oppfyllast i små grupper. Og: At det framtidige elevtalet vil falle til eit nivå der læringsmiljø, fagmiljø og sosial trivsel blir betydeleg svekka. Det er nok risiko for begge delar. Men dermed er det ikkje sagt at det faktisk vil skje. Små grupper kan også ha den motsette effekten. Elevtalet på Gjøra er i alle fall stabilt i minst tre år framover. 

            I det andre saksframlegget (6/26, s. 7-8) er det ei anna vinkling. Der blir det poengtert at barnets beste ikkje skal vera det einaste omsynet, og heller ikkje alltid det avgjerande. Det er greit nok. Men her er dette ei erkjenning av at nedlegging og flytting også vil ha mange negative konsekvensar for barna. Så legg kommunedirektøren vekt på at da er det betre å hoppe enn å krype i det, ved å gjera prosessen med nedlegging så kort som råd. Til det er å seie at den enklaste måten å unngå dei negative konsekvensane på, er å vidareføre vedtaket frå 2021. På den måten tek ein også best vare på barnets beste. Her har eg nok solid støtte frå foreldre i fjellgardane.

Dei omtala dokumenta på kommunen sine heimesider gir eit godt overblikk over dei faglege og pedagogiske momenta i saka.

Dei omtala dokumenta på kommunen sine heimesider gir eit godt overblikk over dei faglege og pedagogiske momenta i saka.

Kommunedirektøren framstiller desse momenta slik at dei skal gje best muleg støtte for å legge ned skulen på Gjøra frå hausten.

Kommunedirektøren framstiller desse momenta slik at dei skal gje best muleg støtte for å legge ned skulen på Gjøra frå hausten.

Men samla sett gir momenta betre støtte for å vidareføre skulen på Gjøra, i tråd med kommunestyret sitt vedtak frå 2021.

Men samla sett gir momenta betre støtte for å vidareføre skulen på Gjøra, i tråd med kommunestyret sitt vedtak frå 2021.

Eit nytt og viktig moment i saka er arbeidet med å starte ein privat, kristen grunnskule frå det tidspunktet den offentlege skulen måtte bli lagt ned. Det talar også for å vidareføre skulen på Gjøra til ein privat skule eventuelt kan koma i gang.

Eit nytt og viktig moment i saka er arbeidet med å starte ein privat, kristen grunnskule frå det tidspunktet den offentlege skulen måtte bli lagt ned. Det talar også for å vidareføre skulen på Gjøra til ein privat skule eventuelt kan koma i gang.


© Driva