- Med forbehold om at det naturmessig er svelgbart, kan dette vera eit område for datasenter
I etterpåklokskapens namn er det synd at MDG for fleire år sidan ikkje fekk gehør for å utvikle næringsareal utenom Røtet, der det er rødlista arter, idrettsanlegg og uheldig og litt vanskeleg å finne plass, i alle fall eit større område.
Vi i MDG har peika på Holtamoan, og vi har peika på Sandfjellet som næringsareal. Arealplanen i kommunen er etter mitt syn litt på hælene på fleire område.
Men MÅ det bli datasenter i Holtamoan eller oppi Sandfjellet? Viss det let seg gjera, bør arealet leggast ut som næringsområde uansett.
Skrekkscenarioet med datasenter er eigarar som ikkje legg att penger i Norge, medan vi bygger ned verdifullt areal, får høgt strømforbruk og auka strømkostnader, og ødelegg for fisk og liv i elvene. Ein kan ikkje etter mitt syn bruke vatn som renn ut i elva for å lage badetemperatur i vatnet heile året. For Surna sin del er det ille nok........
