– Bilane, linene og innsjøen drep ikkje rein
I diktet «Smeden og bakaren» som Wessel laga for 250 år sia, fortel han om ein bakar som urettmessig vart dømt til dauden for noko smeden hadde gjort. Det var berre ein smed i bygda, medan det var to bakarar……. No skjer noko liknande med Aursjøvegen ved Torbuhalsen mellom Torbudalen og Aursjøen. Her fer det no ikkje så mange reinar som det gjorde for femti år sia. Etter kvalitetsnormen for villrein, er det ikkje bra. «Faggruppa» trur at det er bilistane og molteplukkarane som er årsaken. Statkraft treng ein ny konsesjon no når Aura 2 skal lagast. Mange krev at vegen rundt Torbuhalsen skal stengjast og at det skal stå i konsesjonen som NVE skal skrive ut. Dei trur det då blir fleire reinar som fer her. Det blir som å rette bakar for smed I 1963 var det omlag 15 000-20 000 reinar i fjello våre. Dei for alle stadar.
No er dei 2000, som er 80-90% færre, og då er det heilt naturleg at færre fer over Torbuhalsen. Talet på vill........
