Når språk skjuler tala: - Effektivisering, arbeidsproduktivitet, normeringfaktor...
Først ut er tankar om Normeringsfaktoren og kreativ språkleg kamuflering av at ein ikkje endrar retning på tross av funna Gryttenutvalget la i (på) bordet.
Når teaterframsyninga Bondetinget har nypremiere på Teater Innlandet i januar 2026, er det naudsynt med nokre refleksjoner om endringane vi har sett sidan premiera i 2021.
Ikkje fordi grunnkonflikten har endra seg, men fordi språket rundt landbrukspolitikken har gjort det.
Som framsyninga dokumenterer har målet om jamstilling historisk vore finansiert gjennom eit årleg krav om effektivisering på 2–3 prosent. Det vil seie: Inntektsauke har i stor grad ikkje kome gjennom meir pengar til landbruket, men gjennom ei årleg reduksjon i talet på årsverk.
År for år har bønder gått ut av næringa og gitt rom for auka produksjon og inntekt for dei som vart att. Denne mekanismen har lege fast sidan Hovudavtalen i 1953, og vart tydeleg forsterka etter Stortingsmelding nr. 64 (1965), der jamstillinga vart avgrensa til bruk som kunne gi full sysselsetting til éin person på eit «rasjonelt drive bruk».
Sidan har kravet skifta namn: Reduksjon i årsverk, produktivitetsvekst, strukturutvikling. Innhaldet har vore det same.
Frå arbeid og jord til kapital og risiko
Etter bondeopprøret i........
