menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Tysk luftherredømme våren 1940

10 0
17.04.2025

Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.

Den tyske flygaren Hilmar Schmidt var del av Kampfgruppe 100 som bomba Bodø 27. mai 1940. I loggboka, gjengitt av Wakefield om skvadronen (1992), fortel Schmidt om raid frå nord-tyske basar for «å plage engelsmennene».

Den 17. april flaug vi over Trondheim til Harstad (Narvik). Luftartilleriet der tøva ikkje…(…) Etter åtaket landa vi på eit islagt vatn sør-aust for Trondheim. Som vanleg måtte vi gjøre alt sjølv, til og med rulle bensin-tønner opp til maskinene, og re-fylle. Seinare, då vi drog til hotellet, angreip engelske fly. Dei lyste oss opp med bluss, men traff ikkje. På hotellet tok vi eit godt bad. Frukosten neste morgon var utmerka og vi fekk enorme mengde kaffe.

Så lenge isen på Jonsvatnet bar flya naut Luftwaffe hotell og forsyningar i byen. Dei jobba mot klokka, trengte permanent mellomlandingsplass for kvile, bunker, bomber og ammunisjon. Det fekk dei i løpet av april ved hjelp av frivillige frå Trondheimsregionen som klargjorde Værnes for tunge fly. Vidar Eng har retorisk spurt korfor «gode nordmenn» bygde flyplassar i Oslo og Trondheim i april 1940, mens andre nordmenn var i kamp med tyskarane nordpå og soldatar og sivile alle levde i frykt for flya.

Kor stor luftstyrke hadde Luftwaffe i Noreg våren 1940? I ein britisk rapport frå luftministeriet frå 1948 anslo dei at vel 500 transportfly, vel 100 jagarfly og vel 300 bombefly deltok i den velkoordinerte operasjonen mellom hær og flyvåpen i Noreg. Med bruk av danske flyfelt, Sola, Kjevik og Fornebu, kunne flya lett operere frå Nord-Tyskland. I luftlinje ligg Værnes 600 km frå Narvik, og med ein rekkevidde på 2000 km kunne bombeflyet Heinkel 111 nå att og fram på ein tank. Dei kunne dessutan bruke god tid på sine mål ved Narvik-fronten, for ikkje å snakke om dårleg forsvarte byar som Bodø. Raid frå Sola og Fornebu avhang heilt av Værnes. Då kampane om Noreg gjekk mot slutt, var luftstyrken totalt oppe i vel 400 bombefly........

© Avisa Nordland