Samfunnssikkerheit i krise og krig – Nordland våren 1940
Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
Våren 1940 stod Europa i flammar. Noreg vart invadert av ein velorganisert militær krigsmaskin der våpengreinene virka saman slik at landet raskt kom under total kontroll. Berre nordpå, langt unna dei tyske flya som kontrollerte luftrommet over landet vårt, hadde norske styrkar både luftvern og militær slagkraft med støtte særleg frå den britiske og franske marinen til å stå i mot den tyske aggresjonen.
For resten av Nordlands del var det tyske Luftwaffe så nærgåande at det sette både forsvaret av landet og sivilsamfunnet ut for direkte terror. Ved fleire høve viste dei tyske flya seg for sterke til at forsvaret av Møre og Romsdal, Trøndelag og Nordland sør for Vestfjorden kunne stå i mot. Allierte troppeskip med forsterkingar vart sett ut av spel ved Namsos og utafor Bodø, og slik smuldra også den militære kapasiteten til å forsvare Salten og Helgeland bort. Nord for Salten var stoda annleis. Her fekk flya militær motstand før dei måtte returnere til basane sine.
Sivilsamfunnet sør i Nordland stod dessutan overfor si største krise nokon sinne. Aldri før har så mange måtta flykte frå heimane sine for å komme unna ein krig som i april-, mai- og junidagane i 1940 i Salten og på Helgeland. I Bodø, på Fauske og Hemnesberget mista mange heimen sin etter kampane, slik også trønderar og møringar gjorde det i Kristiansund, Steinkjer, Namsos, Molde og Åndalsnes.
Den heilt nye situasjonen sette store krav til samfunnet. Det var ikkje klart for det som kom og måtte handle undervegs. I ein serie artiklar skal vi sjå nærmare på sider ved den sivile beredskapen. Dette er høgaktuelle spørsmål i våre dagar der det blir snakka om at........
© Avisa Nordland
