«Kva hadde elevane i Kleppestø og Strusshamn kunne skriva best som sekstenåringar, dersom det var nynorsk dei hadde lært dagleg på skulen?»
Askøy Mållag inviterer alle på Askøy til å vera med på Nynorskveka 6.- 12. mai, som lokallaga i Noregs Mållag feirar med folk i heile landet.
Kan du òg vera med på noko nytt i Nynorskveka?
Kan du til dømes:
• skriva litt på nynorsk kvar dag; på handlelista di eller i ei helsing heim, til idrettslaget du trenar eller staben du leier?
• lesa ein tekst på nynorsk om kvelden?
• finna dei nynorske favorittorda dine og dela dei med andre?
Slike ting kan du gjera om du er elev eller lærar, byggmeister, ordførar, sjåfør, sjølvstendig næringsdrivande, sjukepleiar, innflyttar, uføretrygda eller pensjonist på Askøy.
Du kan gjera det som mor eller far eller som........
© Askøyværingen
