Ola Svenneby meiner at venstresida lir av berøringsangst. Han kjem til kort.
Ola Svenneby meiner at venstresida lir av berøringsangst. Han kjem farleg til kort.
Alexander PapasFylkespolitikar i Vestland, 1. vara til Stortinget fra Hordaland, SV
Problemet er ikkje berre det Svenneby skriv, men like fullt det han let vera å skriva.
Etter terroråtaket mot pridemarkeringa i Berlin har mykje av den politiske debatten handla om gjerningspersonen. No meiner Ola Svenneby (H) at venstresida lir av berøringsangst fordi me visstnok ikkje snakkar tydeleg nok om islamistisk ekstremisme.
La meg først vera heilt tydeleg: Islamistisk ekstremisme er ein dødeleg trugsel mot fridomen vår og må møtast med open tale, kunnskap og kompromisslaus kamp mot radikalisering. Det er noko mange muslimske kameratar jobbar med året rundt.
Men å ta avstand frå islamisme er ikkje nok.
Eg er sjølv homofil. Eg har vakse opp i eit religiøst, konservativt miljø der eg fekk høyra at eg var syndig fordi eg var homofil. Eg treng ingen til å forklara meg at religion kan brukast til å legitimera homofobi. Nettopp derfor reagerer eg når Svenneby reduserer denne debatten til å handla om islam, og ikkje korleis ei rekke miljø bygger sitt verdigrunnlag opp mot skeive.
ap-quoteMe er eit bevegeleg mål for mange
Dersom analysen byrjar og sluttar der, kjem me aldri til å forstå korfor skeive gong på gong blir gjorde til mål for hat og vald. Me er eit bevegeleg mål for mange.
Problemet med innlegget hans er ikkje berre det Svenneby skriv, men like fullt det han let vera å skriva. Her er nokre........
