Det vil merkast om vi får tidenes mest mørkeblå norske regjering
Frp er ute av «fengselet»
GJESTEKOMMENTAR: Det vil merkast om vi får tidenes mest mørkeblå norske regjering.
Svein Erik TuastadStatsvitar og dr. polit., UiS
Sist Frp var i regjering, gjekk Sylvi Listhaug lei av stadig å måtte komme saman med Venstre og KrF for å snekre «grå kompromiss», som ho kalla det. For henne var dei gode regjeringsåra då Høgre og Frp regjerte saman åleine, utan Venstre og KrF. Så kom dei to småpartia der og vart festbrems. Frustrasjonen steig internt i Frp: «Vi føler vi har sluppet ut av fengsel», sa Sylvi Listhaug til slutt etter at Frp slapp ut av Solberg-regjeringa i januar 2020.
Då Erna Solberg danna regjering etter valet både i 2013 og 2017, hadde Høgre, Venstre og KrF over dobbelt så mange mandat som Frp. No er det snudd på hovudet; Frp er betydeleg sterkare. Målingssnittet det siste året viser at i februar, mars, juni og juli har Frp åleine fått like mange eller fleire mandat enn Høgre, Venstre og KrF til saman. Forhandlingsstyrken Frp kan få, gjer at Frp på ein heilt annan måte enn sist kan prege politikken ved borgarleg fleirtal.
Politikken vert blåare
Styrken til Frp påverkar allereie dei andre partia. Blåfargen til Høgre har vorte jamt mørkare etter som Frp har stige på målingane, og skiljet mellom venstre- og........
