menu_open Columnists
We use cookies to provide some features and experiences in QOSHE

More information  .  Close

Det går an å leggja til rette for å riva ned eit demokrati. Stortinget driv med det denne veka

13 0
23.04.2025

Ring ein stortingsrepresentant! Nå!

KOMMENTAR: Det går an å leggja til rette for å riva ned eit demokrati. Stortinget driv med det denne veka.

Solveig G. SandelsonKommentator

Vi snakkar ofte om tilliten i samfunnet vårt. Limet. Det med at vi stolar på kvarandre, at vi har tillit til at vi alle gjer vårt, at vi ser det store bildet, at politikarane våre gjer det, at media gjer det, at rettsvesenet gjer det.

Men det er ingenting å ta for gitt. Slikt kan ikkje aleine halda oppe eit folk, eit land, eit demokrati. Det skal andre ting til. At dei med mest makt, regjeringa, Stortinget og Domstolen, har lovar som held kvarandre i sjakk. Stortinget skal gi lovane, regjeringa skal handla etter dei, domstolane skal dømma etter dei. Så ingen av dei får for stor makt aleine. I bakgrunnen ligg også menneskerettane. Staten skal ikkje ha for stor kontroll over enkeltmennesket.

Det der er faktisk ikkje alltid lett. Det er ikkje vanskeleg å tenkja seg at det kan oppstå krisesituasjonar der regjeringa må få handla før Stortinget klarer å samla seg og gi dei lov. Situasjonar der venting set oss alle i fare. I ein krigssituasjon, for eksempel. Der er det ganske klart kva som skal til.

Men nå driv Stortinget og vedtar langt meir diffuse greier. Det gjeld endringar i det som heiter sivilbeskyttelseslova. I ein krisesituasjon skal regjeringa kunna bruka ekstraordinære fullmakter, som gir dei rett til å beordra alle sivile mellom 18 og 72 år inn i kva jobbar eller roller som helst. Sjølv om Stortinget er samla, skal regjeringa kunna bruka desse fullmaktene. Og det er fullmakter........

© Aftenbladet