Fint å sleppa snorking på sjukehuset, men kva med dei som er einsame?
Gode sjukehus krev fleksible løysingar
Kjersti ToppeStortingsrepresentant, Sp
DEBATT: Eg er ikkje mot einsengsrom på sjukehus, men eg er kritisk til at sjukehus berre skal ha slike einerom.
Gottfried Fjeldså skriv godt om sitt opphald som pasient på nye SUS. Hans erfaring som pasient i det nye sjukehuset skal vi lytte til. Men Fjeldså tar feil når han framstiller det som om eg er i mot einsengsrom på sjukehus. Det er eg aldeles ikkje. Det eg er kritisk til er at det berre skal vere einsengsrom. Sjukehus bør ha ulike typar rom for pasientar ut frå behov. Å gjere om einsengsrom til fleirsengsrom må også vere mogleg, utan at ein må fysisk........
